Leiarrolla og arbeidsmiljøet i heimetenesta

Som leiar i heimetenesta har du ei viktig rolle i å bidra til gode arbeidsforhold for dei tilsette. Arbeidsmiljøet er av avgjerande betydning for helsa og produktiviteten til dei tilsette.

Men kva er det som er viktige risikoforhold i arbeidet for dei som jobbar i heimetenesta, og som påverkar helsa til dei tilsette? Og korleis kan verksemda jobbe godt med det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet? Det kan du lære meir om på dette nettmøtet.  

Når: mandag 14. oktober 2024, 12:00 - 14:00

Hvor: Teams, påmeldte mottar lenke

Innhald

På dette nettmøtet diskuterer vi utfordringar og erfaringar og snakkar om beste praksis. Du får lære meir om korleis du kan fungere godt i leiarrolla, og får snakke med leiarar frå andre verksemder. På møtet blir det rom for å stille spørsmål og dele idear og tips med kvarandre undervegs. 

Vi går gjennom fakta om arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi snakkar om rollene i arbeidsmiljøarbeidet og korleis desse skal jobbe saman. De får også tips om verktøy som kan brukast i arbeidsmiljøarbeidet.  

Målgruppe

Leiarar i heimetenesta.

Påmelding

Nettmøtet er gratis å delta på, men du må melde deg på. Lenke til nettmøtet blir send til påmelde deltakarar.

Påmeldingsfrist er 13. oktober kl. 12.00.

Vi ser fram til å treffe deg!

Velkommen!