ATEX-konferansen 2024 Eksplosjonssikkerheit: Utfordringar og løysingar

På ATEX-konferansen 2024 får du frå industrien og ekspertar høyre om utfordringar og løysingar knytt til eksplosjonssikkerheit.

Når: onsdag 13. november 2024 - torsdag 14. november 2024, 10:00 - 17:00

Hvor: Konferanse, Scandic Flesland Airport

Påmeldingsfrist: tirsdag 10. september 2024, 12:00

Innhald

ATEX-direktiva tredde i kraft i 2003, og sidan den gong har mykje erfaring blitt bygd opp. På tross av denne erfaringa og ikkje minst auke i kunnskap, er det enno utfordringar og uklarheiter. I tillegg skjer det dessverre eksplosjonsulykker i Norge.

Tema som vert omhandla på konferansen:

  • Oppdatering frå myndigheitene
  • Hendingar og identifiserte problemstillingar
  • Utfordringar rundt nye energiberarar
  • Regelverk og standardoppdatering
  • Val av utstyr
  • Områdeklassifisering og risikovurdering
  • Klasse 3-utstyr

Konferansen vert organisert av Standard Norge. Arbeidstilsynet er medarrangør saman med Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap, Havindustritilsynet og Norsk Elektroteknisk Komité.

Konferansen har en deltakeravgift på 7.000,-

Les meir om konferansen og meld deg på her (ekstern lenke, Standard Norge).